Firdaposten

Vi kårer tiårets Florø-lag

January 27, 2020

Kven har vore den beste keeperen i Florø Fotball dei siste ti åra? Tommy Løkkebø, Knut Kvammen, Nicklas Frenderup, eller kva med Jakob Storevik, Renze Fij eller Mark Jensen? Kanskje Robert Winogrodzki?

I denne utgåva av Firdaposten sin podcast er det fotball som er temaet. Programleiar Arne Hjorth Johansen har samla dei to klubblegendene Bengt Solheim-Olsen og Per Øyvind Helle, saman med sportsjournalist og Florøfan Dag Frøyen for å bale med nettopp slike spørsmål. Kven skal inn i ein ellever om tiårets beste Florø-spelarar skal kårast.

Ikkje uventa blir laget prega av spelarar frå opprykkslaget i 2016, og dei påfølgande åra i OBOS-ligaen, og panelet blir til slutt overraskande einige. 

Play this podcast on Podbean App